Kulturpris til superveteran.

Kuturprisen for Hol vart laurdag kveld tildelt ein person som vel burde ha fått den for mange tiår sidar.............
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 24.11.2012 23:57

Kuturprisen for Hol vart laurdag kveld tildelt ein person som vel burde ha fått den for mange tiår sidar.............

Under Nasjonalparkmesterskapet i rakafisk på Hallingstuene laurdag kveld kunne ordførar Tony Kjøl dele ut årets kulturpris for Hol kommune til Ulf Kløve. Ordføraren la ikkje skjul på at han var overraska då han fekk vite at Ulf ikkje hadde fått denne tidlegare då han har stått svært sentral i arbeidet med og for lokalkulturen i Hol sidan han kom til kommunen i 1957 som turistsjef. Han tok med eingong opp kultur som ein viktig del av turistprofilen for Hol og var har vore trufast mot denne i all tid etterpå.

Kløve vart hylla med ståande ovasjonar av den fullsette salen med rakafiskentusiastar.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS