Skurdalen - Dagali oppvekstsenter vidare.

Tysdagens KVM tevling endte opp med siger til skurdølene.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 07.11.2012 15:16

Tysdagens KVM tevling endte opp med siger til skurdølene.

Laget frå Hovet var ikkje lenge om å ta leiinga i tevlinga med ein knallstart mens Skurdalen/Dagali oppvekstsenter var hangande etter frå starten. Hovet heldt trykket oppe heile fyrste halvdel og gjekk til pause med 3 poengs leiing. Laget frå Skurdalen/Dagali var litt deppa etter det dei oppfatta som ein noko dårleg start, men andre omgang var ikkje gamal før dei brått var berre eitt poeng etter og snart var dei i leiinga. Og den sleppte dei ikkje frå seg og vann til slutt med poengsummen 36 mens HOvet fekk 28.

Neste omgang i KVM er 4. desember.


Dagali og Skurdalen oppvekstsenter: Ola Halvorson Gauteplass, Sindre Kolsnes Groven og Magnus Høier Skurdal


Hovet: Robin Sleeking, Jonas Mørk Danielsen og Birgit Haugo








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS