Kultur:
Klart for Kvedarkvintetten i Hol gamle kyrkje.
Komande tysdag er det ny konsert i HOl gamle kyrkje
I går tysdag var den fyrste konserten med gruppa TidligFolk. GOdt 50 tilhøyrarar fekk ein time dei ikkje vil gløyme så fort med ein miks av barokkmusikk og norske folketonar som sette seg i kroppen på tilhøyrarane. Heilproffe aktørar viste kor nært slektskap det er mellom norske folketonar og barokkmusikken.
KOmande tysdag er det Kvedarkvintennen frå Torpo som kjem på besøk. Denne kvintetten har etterkvart vorte landskjent gjennom diverse konsertar og TV medverknad og er blant dei absolutte topputøvarane innan sin sjanger. Konserten i Hol gamle kyrkje tek til kl 2000 og denne gongen er det ekstra lurt på vera tidleg ute for her er det grunn til å rekne med full kyrkje.
Sjå plakaten her:
|