264 bilar samla inn i aksjonsveka.

Hallingdal renovasjon fekk rekordstort tilslag på kampanjen for å få inn gamle bilar.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 03.12.2011 16:00

Litt av bilane som var samla inn.
Hallingdal renovasjon fekk rekordstort tilslag på kampanjen for å få inn gamle bilar.

264 bilar eldre enn 20 år kom inn, og den som leverte flest kom med 7 stykke! Det kom så mange at dei måtte mellomlagre ein god del i Kleivi då det ikkje er nok plass på mottaket på Roppemoen i Flå.Der blir bilane tappa for alle væsker og fråplukka blant anna dekk og felgar før dei går vidare til Hellik Teigens anlegg i Hokksund for oppmaling til småbitar som blir nøye sortert slik at om lag 80 % av bilane blir resirkulert.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS