4 sauer drepne av bjørn i Hovet?

4 sauekadaver vart fredag undersøkt av rovviltkontakten og det meste peikar mot bjørn.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 28.10.2011 21:38

4 sauekadaver vart fredag undersøkt av rovviltkontakten og det meste peikar mot bjørn.

Dei 4 sauene og mogleg 2 til, har vorte drepne i sommar ein gong, men vart fyrst funne her om dagen på svært utilgjengleg område. Det var no berre beinrester att og 3 vaksne og 1 lam vart i dag undersøkt for om mogleg å slå fast kva som kan ha skjedd.

Dei låg alle fire innanfor ein radius på 20 meter og 2 av dei låg på rygg. På den eine let det seg konstatere spor etter mulebitt og også andre spor på beinrestene kan tyde på at ein bjørn har vore på ferde. Den eine av dei drepte hadde klave med radiobjelle, men denne har ikkje varsla..

Det var også funne ei drepen søye på Ål torsdag og der er det slege fast at gaupa har vore på ferde.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS