Torpomoen nytt lensmannskontor for Hallingdal?

Politimester Sissel Hammer har i dag orientert Regionrådet om eit mogleg framtidig felles lensmannskontor for Hallingdal på Torpomoen.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 28.10.2011 15:20

Politimester Sissel Hammer har i dag orientert Regionrådet om eit mogleg framtidig felles lensmannskontor for Hallingdal på Torpomoen.

Løysinga er nok nokre år fram i tida, men skissa vart lagt fram i dag. Utspelet kjem frå lensmennene i Hallingdal som  ser for seg at ei slik etablering kan føre til at det blir lagt andre landsomfattande funksjonar også til Torpomoen. Då er det snakk om øvingssenter m.m.

Korleis kontorstrukturen i Hallingdal vil bli etter ei slik omorganisering er ikkje heilt klart, men at det blir svært avgrensa funksjonar i dei kontora som blir att synes klart. Dei fleste kontora bilr sannsynlegvis lagt ned, men Flå skal i følge førebelse planar behaldast men i annan form. Det betyr også at eit kontor på Torpomoen blir døgnbemanna.

Reaksjonane på ideen då den vart lagt fram for Regionrådet fredag var stort sett positiv, men dei fleste ville avvente den komande vurderinga i november før dei meinte noko serleg om saka så langt.

 

Meir i fredagsmagasinet i kveld.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS