Laks i Hovsfjorden.

Hovsfjorden er vanlegvis ein god fjord for ørretfiskarar, men laurdag var det røykt laks og ørret som var ettertrakta.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 23.10.2011 23:21

Over 20 tonn fisk og brød flaut i Hovsfjorden laurdag.
Hovsfjorden er vanlegvis ein god fjord for ørretfiskarar, men laurdag var det røykt laks og ørret som var ettertrakta.

Ein trailer køyrde ut i fjorden ved halv to tida natt til laurdag på det ekstremt glatte føret som då var. Det var etter det RH kjenner til, tilhengeren som glapp og så drog med seg trekkvogna. Føraren og sonen hans kom seg ut av den velta trekkvogna, som ikkje hamna i fjorden, men frontruta måtte knusast for å få dei ut. Tilhengaren vart heilt øydelagt, og lasta som altså for det meste besto av laks og ørret, flaut i fjorden. Det aller meste vart henta opp av renovasjonsbilar som kom til, men mange høveringar og andre øverst i dalen fekk nok fylt mang ein frysar med flotte laksar denne dagen. Det var reine folkevandringa til ulykkesstaden utover laurdagen......

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS