Så kom verda til Flå!

Den minste kommunen i Norge og Europa som har McDonald kan Flå titulere seg med frå og med fredag.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 08.07.2011 21:18

Mat for svøltne karar - ordførar Buøen har hatt ein god dag!! (Foto: Rita Stavn)
Den minste kommunen i Norge og Europa som har McDonald kan Flå titulere seg med frå og med fredag.

15 millionar har Olav Thon investert i bygget som vart opna fredag med køer av folk i alle aldrar. Dermed er McDonald Flå restaurant nr 72 i Norge og ein av dei mange den verdsomspennande kjeda har i 122 land. I Norge omsette dei i 09 for 1,1 milliard.

 

 

 

 

       

For Flå betyr dette enno eit bygg som kan friste vegfarande til å stoppe og dermed er sjansen stor for at dei i same slengen brukar både kjøpesenter og Bjørnepark. Dette er den einaste McDonald mellom Oslo og Bergen og ligg svært strategisk til like inntil Rv 7.

 

Også med "drive in" servering....

Meir i Fredagsmagasinet.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS