Skybrudd i Sangeliia.

Seint tysdag ettermiddag opna slusene seg over Sangelia og konsekvensane vart ganske dramatiske.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 06.07.2011 00:25

Sangelivegen tysdag kveld.
Seint tysdag ettermiddag opna slusene seg over Sangelia og konsekvensane vart ganske dramatiske.

I følge målingar foreteke i området kom det 200 mm nedbør i løpet av 2 timar - 200 000 l pr mål og det oppsto bekkar der det aldri hadde gått bekkar før. Store delar av Sangelivegen vart på kort tid gjort om til ei brusande elv og jernbanelina vart hengjande i lufta om lag 30 meter. Jernbaneverket vart heldigvis tidleg varsla og banen er natt til onsdag stengt mellom Ål og Geilo og det er uvisst når strekningen blir opna for trafikk.

I den nye delen av Kleivi næringspark er det også ein god del skader på grunn av den ekstreme nedbøren. Blant anna vart ein trafokiosk sett ut av stilling og grøfta med kablar vart opna av vatnet. Heldigvis var det enno ikkje sett spenning på trafoen. Ein pumpestasjon var truga, men heldt unna.
Det blir no arbeidd på spreng for å få reparert vegen som blant anna blir brukt til å transportere masser til asfaltlegging ut frå steinbrotet ved Hol stasjon. Utover natt til onsdag blir det sett store styrkar inn som skal bygge oppatt vegen frå Hol stasjon og ned mot Kleivi - frå andre sida kjem dei førebels ikkje inn. Nattoget stoppar på Geilo og Ål og så går det buss mellom stasjonane.

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS