Hemsedal veit mest!

Då er det slege fast - elevane ved Hemsedal barne- og ungdomsskole veit mest - i alle fall ut frå tevlinga som har gått på Radio Hallingdal i vinter.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 08.06.2011 15:30

Vinnarlaget: Reserven, Elin Ulsaker, Eirik Skølt og Gaute Trøim.
Då er det slege fast - elevane ved Hemsedal barne- og ungdomsskole veit mest - i alle fall ut frå tevlinga som har gått på Radio Hallingdal i vinter.

Finalen gjekk på GOl kommunehus tysdag kveld til fullsett hus av klassekameratar frå begge skulene samt lærarar og foreldre. Finalespørsmåla var relativt vanskelege men med nokre få plankar innimellom. Både Gol og Hemsedal har imponert gjennom heile vinteren, og også i finalen klarte desse to laga å skåre mange poeng sjøl om oppgåvene var tøffe.

Hemsedal tok teten frå starten, men etterkvart krabba Gollaget seg etter og kom ganske snart opp på sida av HEmsedal. Det var lik poengstilling to gonger i løpet av tevlinga så spenningen var stor like til siste spørsmål sjøl om Hemsedal då leda med 3 poeng. Og Hemsedal viste seg å stå løpet ut og vann til slutt finalen med 4 poeng.

Fyrstepremien var ein sjekk til klassen på 4000 kr gitt av Hol sparebank og sølvlaget Gol fekk ein sjekk på 3000 kr frå same banken. Finalen går i reprise onsdag kl 15 og fredag kveld kl 2100.

Til hausten går Kven veit mest inn i sin 25 sesong. Vel møtt til nye utfordringar for neste års sjetteklassingar.

 

Fullsett sal under finalesendinga.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS