Påskeradioen på plass!

Jaudå - det blir påskeradio frå Radio Hallingdal i år også....... Laurdag kveld er det full fart!
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 15.04.2011 22:21

Jaudå - det blir påskeradio frå Radio Hallingdal i år også....... Laurdag kveld er det full fart!

Kveldssendingane startar kl 2000 kvar kveld og morgonsendingane kl 0830. I morgonsendingane blir det lagt stor vekt på å informere om kva som skjer i dalen den dagen, det blir sjølsagt meldingar om korleis det står til med løypene i dei ulike delar av dalen vår i ein litt snøfattig påske, Terje Olav Seim er på plass med smøretips som er viktig for alle som skal på ein skitur lang eller kort. Det blir lokale værmeldingar, og barnetime - alt kryda med god musikk.

Kveldssendingane startar kl 2000 med platehelsingar og diverse innslag frå dalen. Kl 2115 startar auksjonane opp med eit svært rikhaldig utval av gjenstandar og tenester som du kan by på. Næringslivet i dalen har også i år vore svært gavmilde og me sender dei ein stor takk!

Kl 24 frå onsdag sender med Kuffertredaksjonen sin påskekrim som er ganske heftig...........

Arne Ole LIndahl les frå boka som Kula - gjengen frå Lakkergata i Nes i 60 åra.............. friske saker som sikkert kjem til å få mange vaksne til å minnast liknande situasjonar frå sin barndom............

Kuffertsendingane i påsken går etter denne planen: Onsdag kl 1700, torsdag, fredag og laurdag kl 1845.....

Hallingskatten har Geir Olav laga ny versjon av og i følge konstruktøren skal det bli nok å bryne seg på.... Du finn oppgavene også på nettet ved å klikke her

Telefon for helsingar er 3208 9111 etter kl 15 kvar dag. Du kan også sende på e-post post@radiohallingdal.no   For å vera med på auksjonane må du ringe 3208 9291 eller 3208 9311..

Har du tips til oss så ring 48150055. God påske til alle som ein - me sender sjølsagt påskeradioen på nettet!!!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS