Anleggstida i Hallingdal blir bok.

Boksmia forlag er no i gang med innsamlingsarbeidet med sikte på å få ut ei bok om anleggstida i Hallingdal i 2013.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 27.03.2011 19:07

Boksmia forlag er no i gang med innsamlingsarbeidet med sikte på å få ut ei bok om anleggstida i Hallingdal i 2013.

Thor Warberg er i ferd med å samle inn stoffet og skal også føre boka i pennen. Det er på høg tid at denne blir gjort, seier Olav Randen i Boksmia forlag, mange anleggsveteranar er borte alt, men heldigvis er det også mange att og dei er svært viljuge til å fortelja og finne fram bilete.

Anleggstida i Hallingdal starta i 1940 med Holsanlegga og vart avslutta sist på 60 talet. Opptil 1200 mann arbeidde på anlegg her samstundes og mykje vart omsnudd og endra på gjennom desse åra, delvis på grunn av anleggsarbeidet som blant anna ga etter tida svært god løn til folk frå bygdane som etterkvart fekk seg arbeid der.

Olav Randen er svært interessert i at folk som sit med minner og/eller bilder frå anleggstida tek kontakt med Thor Warberg.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS