Krev steingjerde freda.

Ein grunneigar i Ustedalen ber fylkeskommunen om hjelp til å få sikra eit steingjerde mot øydelegging på grunn av turistutbygging.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 26.07.2005 16:28

Dette steingjerdet vil grunneigar ha freda.
Ein grunneigar i Ustedalen ber fylkeskommunen om hjelp til å få sikra eit steingjerde mot øydelegging på grunn av turistutbygging.

Geilo utvikling har lansert planer for ei større utbygging av hytter og leilighetsbygg i området, og planen omfattar blant anna kryssing av det omtalte steingjerdet med vegar og hytter bygd der det er steingjerde i dag. Grunneigaren som har bedt om fredning, eig grunnen ved sidan av utbyggingsområdet og ein del av steingjerdet, som i alt er 94 meter langt og godt ein meter breidt og kan vera så gamalt som attende til 1760 talet.  Dette må sikrast meiner grunneigaren og haldast synleg og tilgjengeleg for ålmenta.
Fylkeskommunen har enno ikkje svart på førespurnaden.







Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS