Gratis fiber i Gol?

Gol kommune har forsømt å følge opp nokre vedtak frå 2003 og dermed har mange hatt gratis tilgang til fibernett.......
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 19.10.2010 14:18

Gol kommune har forsømt å følge opp nokre vedtak frå 2003 og dermed har mange hatt gratis tilgang til fibernett.......

Brukarar av fiberen pr. september 2010

Det er fleire brukarar (kundar) av nettet. Kundane har forskjellige eigarar og organisering med ulike mål, td.:

 

-       Offentlige aksjeselskap (Hallingdal Kraftnett)

-       Private aksjeselskap (Hallingdal breiband, Ventelo Networks, E-Co Vannkraft)

-       Interkommunale selskap (PPT & OT for nedre Hallingdal)

-       Interkommunale samarbeid (Hallingdal Brann og Redningsteneste, Hallingdal revisjon)

-       Det offentlege (Gol kommune, Buskerud Fylkeskommune, IKT Hallingdal).

-       Andre (Friundervisninga, Kyrkja)

Nokon vert drivi som AS, der aksjelov og aksjonæravtalar ligg til grunn for verksemdene. AS vil ofte ha verdiauke, utbytte eller ein kombinasjon mål. IKS eller kommunale samarbeid har andre mål, f eks å løyse ei samfunnsoppgåve på kvalitativt beste måte til minst mulig kostnad. Profittfokus er underordna fokus for å løyse samfunnsoppgåvene. Fellesnemnar er at det ikkje finnes avtaler for bruk av fibrene eller at desse ikkje er kjente på nåværande tidspunkt. Unntak er spesialavtale med EC-Vannkraft. (Unntak er også ei avtale med Banetele som ikkje er arkivført.)

 

Eco-Vannkraft

ECO har spesialavtale om bruk av 4 fiber frå ECO (administrasjonsbygget) til Klemmavegen. Driftsavtale er ikkje nemnt i denne.

 

Hallingdal Kraftnett (HKN)

Hallingdal Kraftnett AS har på oppdrag frå eigarane bygd fiber så breiband blir tilgjengeleg i Hallingdal. Dei har gjennomført betydeleg utbygging, mellom anna ein parallell fiber frå trafoen i Valdresvegen via 60/132 kV linje til E-Co Vannkraft (Hemsil II). Denne fiberen er ein ressurs som kan sjåast i sammenhang med kommunal eigd fiber i Gol sentrum. HKN nyttar og eksisterande kommunal fiber for å løse tilgangen til mellom anna Gol TS m m.

 

Hallingdal Breiband AS (tidl: Cyberhemsen AS)

Hallingdal Breiband AS har infrastruktur ellers i Hallingdal, men nyttar kommunal fiber i Gol sentrum. De har kosta fiber til Elvevegen 4 frå kommunal fiber. Elles ingen fiberinvesteringar til den kommunale fiberen til Gol.

 

Telenor\Ventelo (BaneTele)

Telenor AS har fiber i området, men nyttar dette hovedsakelig til stamnett. Ventelo Networks AS (tidl.: BaneTele AS) har stamnettfiber langs Bergensbanen øst-vest gjennom Hallingdal.

 

Interkommunale samarbeid og selskap (PPT & OT for nedre Hallingdal, Hallingdal Brann og Redningsteneste. Hallingdal revisjon)

Desse nyttar kabelen til Internet aksess, tilkopling til kommunale system og telefoni.

Det offentlege (Gol kommune, Buskerud Fylkeskommune, IKT Hallingdal med alle kommunane i Hallingdal).

Mange eksterne einingar som skulane, SFO, barnehagar, bibliotek, omsorgstenesta, omsorgsboligar  og arbeidssenteret med tenester som Internett, intranett med  fellessystem og telefoni. Buskerud Fylkeskommune nyttar fiberen til Gol vidaregående skule med internett, intranett og telefoni.

 

Andre

Friundervisninga nytta internett og kyrkja planlegg video-overføring av gudstenester.

Det finns lokale fiber lagt for eigne bedrifter. F eks Pers Hotell som har intern nett mellom bygg.

 

Avtaler

Det er ukjent om Hallingdal Kraftnett AS har spesiell rett til å nytte kommunal fiber, evt kva denne retten består av. Hallingdal Breiband AS har ingen formelle skriftlege avtaler med Gol kommune om bruk. Denne skulle etablerast, men arbeidet stoppa opp av fleire grunna i perioda 2004-2007.

Evt. intensjonsavtalar om bruk av fiberen er heller ikkje kjent.

Definering av produkt og pris

Produkt og pris bygger på  undersøkingar i marknaden gjort av IKT Wireless (konsulentoppdrag). Ut i frå ei samla vurdering, så definerer me heile fibernettet som ei sone. Prismodellen baserer seg på pris per månad per strekning. Ei strekning vert definert som avstanden  mellom tilkoplingar av aktiv utstyr i kvar ende av fiberen. Det aktive utstyret tilhøyrer ikkje Gol kommune, men kunden. Telenor har ikkje vore spesielt offensiv mhp fiberutbygginga og har hatt interesse i å nytte sin eigen etablerte infrastruktur. Prisane til Telenor er høge, men reflekterar truleg utbyggingskostnader i by.

 

Etterfakturering

Formannskapsvedtaket er frå august i 2003. Avtale med Banetele er underskrive av Banetele den 11.2.2004 av Gol kommune, den 10.12. av Banetele. Etterfakturering er ei jurdisk vurdering i forhold til foreldelsesfrist på 3 år. Ein overeinskomst med brukarane må gjerast, men formannskapet må seia noko om føringane for desse forhandlingane.

 

Overordna plan:

Sak 0038/03, pkt. 7:  Rådmannen får fullmakt til å arbeide videre med hvordan kommunens teleinfrastruktur kan utnyttes til beste for utviklingen av lokalsamfunnet. Formannskapet bevilger inntil kr 10.000 fra disposisjonkontoen til dette formålet.

 

Dette arbeidet er ikkje utført.

 

Miljøkonsekvensar:

Ingen.

 

Økonomi:

Årleg inntekter til kommuna. Desse går til dekking av driftutgifter. Overskot blir ført attende til Næringsfondet.

 

Vurdering:

Med tanke på framtidig utvikling meiner me at det er riktig å setja prisane lågare enn Telenor sine. Vidare bør det tas omsyn til at kostnadene ikkje er lagt på brukarane tidlegare,  og ein bør difor tilpassa eit prisnivå som let seg integrere i deira drift over tid. Tilrådinga er å ligge på kr 3.500 pr mnd pr strekning, dvs 42.000 kr/år. Normalt nyttar ein 2 fiber – ein for kvar veg. Gol kommune bør medverka til at ressursene vert nytta best mogeleg ved å innføre rabatt for bruk av ein fiber. Det vil seie at same fiber brukes begge vegar. Framlegg er 50% rabatt ved slik bruk.

 

Etterfakturering.

Det er ei jurdisk vurdering i forhold til foreldelsesfrist på 3 år. Ein overeinskomst med brukarane må gjerast, men formannskapet må seia noko om føringane til desse forhandlingane.

 

 

Framlegg til vedtak:

 

Rådmannen får fullmakt til å forhandle fram avtalar med fylgjande kunder:

-       Ventelo Networks (Banetele)

-       Hallingdal Breiband (Cyberhemsen)

-       Buskerud fylkeskommune

-       Hallingdal Kraftnett

-       PPT og OT for nedre Hallingdal

-       Hallingdal revisjon

 

Avtalane må innehalde:

1.               Serviceavtale (SLA)

2.               Leigeavtale på fiberavtale med slike prisar:

-       Leige, pr. strekning:         3 500,- dvs 42 000,- pr år.

-       Rabatt:                               50% ved bruk av ein fiber (ikkje 2).

-       Påkoplingskostnad:                      

§      Etablering 7 500,-

§      Anleggstilskot ved nyetablering og tilknytning til nettet. Alle kostnader ved tilkopling vert dekt av kunden. Gol kommune står for plan- og gjennomføring, men kan bestemme kostfordeling etter ei heilheitvurdering.

 

3.               Etterfakturering. Utgangspunkt for forhandlingane er oppgjevene prissatsar.

Forhandlingane med kundane må gje rom for vurderingar i kvart enkelt tilfelle (påkoplingstidspunkt, praktisk bruk av fiberen, heilheitsvurdering). Målet med forhandlingane er ei eingongsfakturering for perioda fram til 2010.

 

 

 

 

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS