Fann bjørnedrept sau 10 meter frå bustadhus.

Bjørnen som har besøkt sauebøndene i Kvisla kvir seg ikkje fordi om det er bustadhus i nærleiken når den er på rov.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 16.10.2010 19:25

Bjørnen som har besøkt sauebøndene i Kvisla kvir seg ikkje fordi om det er bustadhus i nærleiken når den er på rov.

OM lag samstundes som det vart funne to drepte sauer på innmarksbeitet til Maurseth i Kvisla vart det funnen ein sau 10 meter frå bustadhuset til Terje Sjåstad som bur litt lenger nede i Kvisla, ganske så nær riksveg 7. Sauen tilhøyrde Ivar Slettemoen og rovviltkontakt Hans Vidar Nestegard er ikkje i tvil - det er bjørnen som har vore der også.  Mykje tyder no på at bjørnen heldt seg i dette området meiner lokalkjente folk - bjødnamøk vart blant anna funne nedanfor det gamle bedehuset i august.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS