Hol ungdomskole - ein av dei flottaste i landet?

Fornøgde elevar, fornøgde lærarar, fornøgd arkitekt og entrepenør - alle smilte om kapp då dei opna HOl ungdomsskole tysdag ettermiddag.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 08.09.2010 14:31

Fornøgde elevar, fornøgde lærarar, fornøgd arkitekt og entrepenør - alle smilte om kapp då dei opna HOl ungdomsskole tysdag ettermiddag.

Ombygginga av ungdomsskolen, som opprinnleg er bygd midt på 60 talet, har kosta godt 54 millionar kroner. Arkitekt Jorunn Westad Brusletto har stått for løysinga på dei arkitektoniske utfordringane. Ho seier til RH at ungdomsskolebygget er ein flott eksempel på bygg frå 1960 åra og at ho i liten grad har påvikra utsjånaden på bygget .

 

                                                                     Rektor Inger Arnesen og ordførar Kaupang 

Det er eit lite tilbygg mot sør og ein frittståane bogevegg mot vest som utgjer den synlege endringar utanpå.  Men på innsida er det heile ganske så endra i forhold til tidlegare.                                                                      

Heile skulen har vorte lys og vennleg, det er både baserom og moglegheit for einskildklasserom, arbeidsplassar til lærarane er knytta til den basen dei arbeider i og spesialromma er toppustyrt som resten av skulen. 

 

 

Frå skolekjøkkenet - brødbaking

Den kunsteriske utsmykkinga er tidslinjer både med nasjonal, internasjonal og lokal historie og utgjer ein spennande element i skuleanlegget.

 

Bilde: Kreator står for den kunstneriske utsmykkinga. Her er tidslinja på gulvet.

 

Oppvekst og kultursjef Børre Evensen med "nøkkelen til lærdommen". Ein kopi av nøkkelen til Kyrkjestugu - overrekt rektor under den offiisielle opninga.

 

 

 

I På heimveg onsdag kl 15 og i Fredagsmagasinet komande fredag kan du høyre frå opninga.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS