Gol veit mest!

Finalen i årets utgåve av Kven veit mest? Radio Hallingdal sin spørjeleik er avvikla, og laget frå Gol gjekk til topps.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 10.06.2010 13:19

Vinnarlaget: Luna Wibe, Sindre Storebråten, Tor Magnus Skredegård og Birgit Eide(Reserve)
Finalen i årets utgåve av Kven veit mest? Radio Hallingdal sin spørjeleik er avvikla, og laget frå Gol gjekk til topps.

GEilo skole hadde klart å få med begge sine lag i årets finale og møtte Gol som tredje laget. Finalen vart sendt frå kommunehuset i Gol med mange publikumarar til stades og stor stemning etterkvart som poenga gjekk til eine eller andre laget.  Det heldt seg ganske så jamt fyrste halvdelen av finalen, men så tok Gollaget til å sanke noko fleire poeng enn motstandarane sine og seig sakte men sikkert i frå. Før siste spørsmål hadde dei faktisk vunne og sigeren vart behørig bejubla av det frammøtte publikumet både frå Geilo og Gol.
Dei som stadig hevdar at norske skuleungar kan for lite, bør følge med på Kven veit mest - då vil dei få greie på noko ganske anna!
Premiane til laga var sponsa av Hol sparebank og vinnarlaget fekk 4000 kr, sølvplassen GEilo 1 fekk 3000 kr og bronsevinnar Geilo 1 fwekk 2000 kr.

Så er det berre for komande 6., klassingar rundt om i dalen og øve til neste års tevling!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS