Ungdomskort for Hallingdal?

Ungdomsrådet for Hallingdal vil ha ungdomskort som gjeld alle kollektivtilbod i dalen og regionrådsleiaren stør dei.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 27.05.2010 14:23

Ungdomsrådet for Hallingdal vil ha ungdomskort som gjeld alle kollektivtilbod i dalen og regionrådsleiaren stør dei.

Det er i følge regionrådsleiaren store forkjellar på kva ein får av slike tilbod øverst og nederst i fylket og foreslår at regionrådet gjer slikt vedtak.

Regionrådet for Hallingdal ser positivt på oppmodinga frå Hallingdal ungdomsråd (HUR).

På grunn av eit lite utbygd kollektivtilbod i Hallingdal meiner Regionrådet at ungdomskortet

også må gjelde for ekspressbussruter (eks. Sogn- og Fjordane-ekspressen gjennom

Hemsedal/Hallingdal) og på NSB sine kommersielle fjernruter på Bergensbanen.

Målsettinga er at alle kollektivtilbod i Hallingdal og til/frå Hallingdal kan takast inn i eit felles

ungdomskort.

Regionrådet for Hallingdal vil ta opp problemstillingane med Buskerud fylkeskommune, med

tanke på å få til ei utvida og betre ordning, med ungdomskort for ungdom i Hallingdal.

 

Forslag til vedtak








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS