Kom dikkon inn å handle!

Meldinga frå Olav THon til dei omlag 2500 frammøtte til opninga av Bjørneparken kjøpesenter var klar - og folket følgde rådet.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 07.05.2010 20:13

Meldinga frå Olav THon til dei omlag 2500 frammøtte til opninga av Bjørneparken kjøpesenter var klar - og folket følgde rådet.

Opninga av kjøpesenteret og hotellet på Flå vart enno større folkefest enn mange hadde trudd. I det vakre vårværet strøymde det til med folk frå fjern og nær, og aldri har vel så mange flåværingar smilt så breitt så lenge! Og det hadde dei mange gode grunnar til.

"Olav Thon har endra mentaliteten hjå uss, " sa ordførar Buøen, "han har fått oss til å tru på oss sjøl" Det er eit heilt eventyr det som har skjedd på Ffå etter at Olav Thon meldte si interesse - og i dag ga han klar melding til alle: "Dette er berre starten på det som skal skje i denne kommunen".


Rådmann Odd Egil Stavn, Olav Thon og ordførar Tor Egil Buøen under den offisielle opninga.

Opninga av kjøpesenteret vart blant anna markert med helsingstaler både frå USA og Sverige, der ordføraren i Årjenge, der Olav Thon bygde sitt kjøpesenter på 30 000 m2, hylla Olav Thon som ein tvers igjennom flott forretningsmann som det var ei glede å gjera avtaler med - i dag er 400 av 1500 innbyggarar i den svenske kommunen tilsett i kjøpesenteret!


Regionrådsorførar Oddvar Grøthe og ordførar Gerd Eli Berge i Nes overrekte godord og blomar.


Frå dei andre Hallingdalskommunane helsa regionrådsordføar Oddvar Grøthe og slo fast at Flå utan tvil heretter skulle bera tittelen fyrst i Hallingdal, og  han streka  under at det som skjedde i dag var like mykje ei storhending for heile Hallingdal som for FLå.


Eit lokalt mannskor debuterte på dagen med nylaga sang.


Olav Thon helste på mange av gjestene. Her Sigrid Heiplass som er den eldste i Flå med sine 98 år og barnebarnet Annette Heiplass

 

Du kan høyre ein times reportasje frå opninga i Fredagsmagasinet frå kl 22.00

(Foto: Rita Stavn)








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS