Aktuelt:
Reiseliv: Stabilt i januar.
Januar 2010 er nesten nøyaktig lik januar 2009 når det gjeld gjestedøgn for Hallingdal samla, men Geilo får ein etterlengta oppgang.
Samla sett er det ein minimal attendegang med 150 gjestedøgn. Det er Geilohotella som bergar statistikken denne månaden med ein auke på 1234 gjestedøgn eller 5,2 %. Hemsedal har ein minimal nedgang på 1 % mens Gol har ein nedgang på 1218 døgn eller 8,2 % viser nye tal frå SSB.
|