Strekkjer fiberkabel gjennom dalen.

Hallingdal kraftnett vil i løpet av dei næraste månadane strekkje fiberkabel frå Geilo til Gol.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 04.03.2005 14:15

Hallingdal kraftnett vil i løpet av dei næraste månadane strekkje fiberkabel frå Geilo til Gol.

Strekkinga av denne fiberkabelen er ein del av HK sin strategi for å skaffe breiband til flest moglege innbyggarar i Hallingdal. Dei vil no legge ein "tamp" innom alle telefonsentralane slik at dei kan koblast til breibandet. Men HK vil ikkje selja breibandstilknytning til brukarane, men sel kapasitet til andre som i sin tur sel til brukarar.
Kåre Trillhus reknar med at det heile er ferdig tidleg i sommar. Frå før er det fiber mellom Gol og Nesbyen.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS