Nye Tropicana opna.

Dei var svært så nøgde alle som ein som laurdag var med og opna det nye Tropicana badeland på Pers - og bra var det i følge dei som prøvde!
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 27.06.2005 08:24

Ordførar Jan Halvard Brekko riv av snora og opnar anlegget.
Dei var svært så nøgde alle som ein som laurdag var med og opna det nye Tropicana badeland på Pers - og bra var det i følge dei som prøvde!

Ordførar Jan Halvard Brekko hadde fått klar melding frå sønene heime: Detta tøla du ikkje! Men han torde! Som aller fyrste klatra han opp dei 12 meterane og tok den 100 meter lange sklia ned att og hadde i følge han sjølv ei herleg oppleving! Problemet var at han kom så fort at han rakk ikkje å rive ned snora! Den måtte han vasse bort og rive av for å kunne erklære nye Tropicana badeland for opna.

Tropicana vart opna i 1988 og i følge Torbjørn Rustberggard berga det Pers i si tid. Med omkring 70 000 besøkande kvart år er dette anlegget det største aktivum ikkje berre for Pers, men for regionen Hallingdal. Målet for besøk no er minst 100 000. Barna er tekne godt vare på ved utvidinga. Dei har fått sitt eige jungelland - ope for barn inntil 7 år. Men kombinasjonen ute - inneanlegg, som også etterkvart får serveringstilbod også ute, er dette det største anlegget av sitt slag i Norge - og Torbjørn Rustberggard har planene nesten klare for nye store investeringar innan vatn og snø - dei får du vite meir om i august - kanskje!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS