Forumprisen til Per Olav Noss.

Årets julejam er over - fulle hus - mykje bra musikk både i ferdig oppsett og i jammeoppsett
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 27.12.2009 12:44

Årets julejam er over - fulle hus - mykje bra musikk både i ferdig oppsett og i jammeoppsett

Julejammen har gjennom mange år vore ein samlingsstad for musikkinteresserte hallingar som bur i Hallingdal og for dei som kjem heimatt til jul. Her møtest dei til musikk og svalling og årets jam vart av dei meir vellykka blir det meldt. Innhyra CHristian Ingebrightsen gjorde ein svært solid jobb, og dei ulike musikkkonstellasjonane likeså.

Hallingdal musikkforum har gjennom ein del år delt ut Forumprisen på dette arrangementet, så også i år. Per Olav Noss fekk årets pris. Han bruker hallingdialekten i ein musikksjanger som ingen vel har gjort før han. Svært teknofisert musikk med god hallingdialekt, for lyttarar Radio Hallingdal er ikkje minst låten "Kjeringi" godt kjent. Noss arbeider no hardt med å få ut ein full cd med låtane sine.

Redigerte opptak frå årets Julejam vil bli presentert på Radio Hallingdal på nyåret.

Lars Jonas Bergo på tangentar får liv i julejamfolket. Foto: Kjetil Storebråten.

 

Christian Ingebrigtsen var kveldens trekkplaster og gjorde ein framifrå jobb. Foto: Kjetil Storebråten

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS