Varmt møte med kronprinsparet på Geilo.

Over 20 graders kulde ute la ingen dempar på møtet mellom barnehagebarn, bebuarar på Geilotun og Kronprinsparet måndag.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 21.12.2009 16:01

Kronprinsparet mottok fleire gåver fra ordførar Erik Kaupang. Diverse verktøy frå fabrikkane på Geilo. I tillegg dette fotoet av Hallingskarvet tatt av Bjørn Furuseth.
Over 20 graders kulde ute la ingen dempar på møtet mellom barnehagebarn, bebuarar på Geilotun og Kronprinsparet måndag.

Barnehagebarn frå heile kommunen tok i mot kronprinsparet då dei kom til Geilotun presis kl. 1300.













Vel inne på Geilotun var det samla enno fleire barnehagebarn og der fekk kronprinsparet overrekt to bilder av Vilde Slaatto, 5 år og Henrik Haugerud Sataøen, 5 år. Dei kongelege tok seg god tid til å prata med etterkvart snakkesalige barnehagebarn, og Mette Marit avslørte at høgste julegaveønske frå deira barn var blinkesko!

 

Alf Dyrkolbotn, 95 år og Haldis Haugen, 83 år tok også i mot paret før dei gjekk inn tiI matsalen der det var dekt bord med god kaffimat frå Hallingdal og bebuarane fekk ei lengre stund saman med paret og dei offisielle personane frå Hol kommune og fylkeskommunen.
Gaveoverrekkingar høyrer med til slike besøk, og av Hol kommune fekk kronprinsparet både foto av Hallingskarvet, øksar og verktøy. Det siste sette kronprinsessa tydleg stor pris på: " Nå er det ingen unnskyldning lenger" sa ho med klar melding til Kronprins Håkon Magnus, og ho gleda seg til å sjå dette i bruk på hytta!

Etter eit kort møte med pressa barst det attende til hytta i Uvdal for å nyte juleferien der med godt skiføre og skiturar - om enn noko korte i det kalde været.

Innslag frå besøket kjem vesle juleeftan.
(Foto: Rita Stavn)

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS