Vil bruke 250 000 til Vøgne.

Regionrådet syns Vøgne er såpass viktig at dei vil bruke 250 000 kr av utviklingspengane til Vøgne
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 24.06.2005 14:24

Regionrådet satsar på Vøgne
Regionrådet syns Vøgne er såpass viktig at dei vil bruke 250 000 kr av utviklingspengane til Vøgne

Det var Jan Halvard Brekko som fremja forslaget om å gi 250 000 kr til Vøgne frå regionrådets utviklingsmidlar, og her er forslaget slik det vart fremja:
 

Regionrådet ser det som svært viktig å sikre Hallingdal eit morgontilbod med tog til hovudstadsområdet. Regionrådet er villig til å bruke inntil 250.000 kr. av regionale utviklingsmidler.
Regionrådet vil vidare etter beste evne vera med på å sikre eit best mogeleg kundegrunnlag, fyrst og fremst ved å:
· Aktivt bidra med marknadsføring av kollektivtilbod frå/til Hallingdal

· Vera med på ulike tiltak for ei sterkare bevisstgjering for bruk av Vøgne

· Oppfordre kommunane i Hallingdal til å ”pusse støvet” av tidlegare vedtak om bruk av tog.

Regionrådet beklagar sterkt Staten si nedprioritering og reduksjon av kollektivtrafikkmidlar til Hallingdal, og at denne kraftige reduksjonen får som konsekvens mindre tidsrett togmateriell. Regionrådet beklagar også at både Buskerud fylkeskommune og kommunane i Hallingdal av same grunn må nedprioritere andre kommunale og fylkeskommunale oppgåver for at regionen tilnærma skal ha same togtilbod som tidlegare sjølv om dette er ei statleg oppgåve.

Men alle i regionrådet var ikkje like begeistra for å bruke pengar frå regionen til dette formålet. Harald Aagaard frå Hol tok protokolltilførsel der han beklaga at det blir brukt pengar frå kommunane til å putte inn i ein frå før steinrik kommune.

Protokolltilførsel frå Harald Aagaard

Hol kommune sin representant i Regionrådet ser det som urimelig at staten i stadig større grad løper fra sitt ansvar i samferdselssektoren ved å skyve kostnader, som egentlig tilligger staten, over på region og kommuner. Det er vanskelig å vinne gehør hos befolkningen for at en steinrik stat skal kunne presse kommuner og region ytterligere på denne måten. Uansett vil det for regionen bety at andre oppgaver må nedprioriteres

Det endelege vedtaket mot Aagaard si røyst vart slik:


Regionrådet ser det som svært viktig å sikre Hallingdal eit morgontilbod med tog til hovudstadsområdet.
Regionrådet vurderar at for 2005 er Vøgne finansiert med bruk av statlege midlar i og med at Vøgne ikkje kjem i drift før hausten 2005.
Ut frå at dette blir sett på som ein ekstraordinær situasjon er Regionrådet villig til å bruke inntil 250.000 kr. av regionale utviklingsmidlar for 2005 til bruk i 2006.
Ved direkte og indirekte tiltak vil Regionrådet etter beste evne vera med på å sikre eit best mogeleg kundegrunnlag, fyrst og fremst ved å:
· Aktivt bidra med marknadsføring av kollektivtilbod frå/til Hallingdal

· Vera med på ulike tiltak for ei sterkare bevisstgjering for bruk av Vøgne

· Oppfordre kommunane i Hallingdal til å ”pusse støvet” av tidlegare vedtak om bruk av tog.

Regionrådet beklagar sterkt Staten si nedprioritering og reduksjon av kollektivtrafikkmidlar til Hallingdal, og at denne kraftige reduksjonen får som konsekvens mindre tidsrett togmateriell. Regionrådet beklagar også at både Buskerud fylkeskommune og kommunane i Hallingdal av same grunn må nedprioritere andre kommunale og fylkeskommunale oppgåver for at regionen tilnærma skal ha same togtilbod som tidlegare sjølv om dette er ei statleg oppgåve.









Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS