Ber kommunestyret avvikle eigedomsselskap.

Formannskapet i Hemsedal ser ingen grunn til å behalde Hemsedal eiendomsforvalting as.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 24.06.2005 09:11

Formannskapet i Hemsedal ser ingen grunn til å behalde Hemsedal eiendomsforvalting as.

Etter forslag frå Hege Nerland, Sv, var alle i formannskapet samde om å be kommunestyret avvikle Hemsedal eigedomsforvalting as.
Kommunestyret har tidlegare vedteke å overføre alle kommunale utleigebustadar til selskapet ved å "selja" dei og på den måten få tilført om lag 7 mill kroner til den kommunale kaassa. Så har styret for selskapet hatt ein gjennomgang om selskapet si framtid og ba i april 05 om at admin la fram for kommunestyret ei sak slik at kommunestyret kunne få diskutere nærare kva dei ville med selskapet.  RÅdmannen hadde lista opp svært mange problemstillingar som burde vurderast i denne samanhengen, og konklusjonen til formannskapet vart at dei bil be om at heile selskapet blir avvikla.

Selskapet vart starta i 2002 for å eige, bygge ut og forvalte eigendomar, og det var Haugen eigendomen som i starten var " eigenkapitalen " til selskapet.  Rådmannen peikar i si utgreiing på at oppretting av selskapet er eit steg i retning av marknaadsorientert kommunal eigedomsverksemd og at dersom vaktmester og andre faglege og administrative tenester skal overføfast til selskapet, er også dette eit steg i retning konkurranseutsetting.

Kommunestyret skal ha saka 30. juni og møtet høyrer du  på Radio Hallingdal.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS