Uavgjort!

2. runde i KVM vart høgdramatisk - ikkje noko avgjort før absolutt siste svar kom...
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 28.10.2009 12:55

Leveldlaget: Åse Håheim, Stina Brattegard, Runa Trinterud og Mari Opheim Berg
2. runde i KVM vart høgdramatisk - ikkje noko avgjort før absolutt siste svar kom...

Laga frå Leveld og Herad skoler møttest på kommunehuset på Gol til dyst. Dei måtte gjennom 14 ganske tøffe spørsmål, og laget frå Herad hadde opptil 4 poengs leiing i løpet av tevlinga, men før siste spørsmål var det 2 poengs leiing til Herad. Dei to poenga kneip Leveldjentene inn på heilt siste svaret - og dermed er begge to vidare til 8. delsfinalane over nyttår.

Høyr sendinga i reprise onsdag kl. 15.00


Også vidare: Heradlaget. Hans Ola Hoftun, Stine Leikvold, Fredrik Trøstheim Spildrejorde og Angelica Benedicte Anderssen.

Meir om tevlinga på: Kven veit mest








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS