Det kan løne seg å klaga.

Formannskapet på Ål opna pengeboka i eit par klagesaker og ga tilsaman 150 000 kr i tilskot til tidlegare avslegne søknadar.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 21.06.2005 08:56

Formannskapet på Ål opna pengeboka i eit par klagesaker og ga tilsaman 150 000 kr i tilskot til tidlegare avslegne søknadar.

Den eine søkjaren var Egil Håheim. Rådmannen hadde innstilt på at det framleis skulle vera avslag på tiltaket var gjennomført før søknad vart sendt. I formannskapet fremja Ivar Brevik forslag om å imøtekoma søknaden frå Håheim med 50 000 kr, og det fekk han mange nok med på - 5 mot 2 røyster.

Trolløya servicesenter hadde også klaga, og her hadde også rådmannen funne klaga så god og opplysande at han hadde innstilt på at Trolløya skulle få eit tilskot på 100 000 kr - slik vart det også.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS