Hallingdal sjukestugu blir lokalmedisinsk senter.

Ei prosjektgruppe har arbeidd med kva som bør skje i Hallingdal som ein konsekvens av den såkalla Samhandlingsreformen som snart blir sett ut i praksis.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 18.09.2009 16:08

Ei prosjektgruppe har arbeidd med kva som bør skje i Hallingdal som ein konsekvens av den såkalla Samhandlingsreformen som snart blir sett ut i praksis.

Regionrådet skal drøfte saka i komande veke på bakgrunn av rapporten som blir lagt fram. Her blir det teke til orde for å styrke Hallingdal sjukestugu på ymse måtar slik at den står fram som eit lokalmedisinsk senter. Samarbeidet mellom lokalhelsetenesta og det nye senteret på ymse frontar, skal det etter planen arbeidast vidare med dersom regionrådet sluttar seg til det framlegget som blir lagt fram.

Du kan lesa meir om saka på regionrådet sine nettsider

http://www.regionraadet.no/Menyvalg/Regionradet/Saker/2009/

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS