1100 falske brev delt ut.

Oppklaringa av saka om dei falske breva som vart distribuert på Ål viser at omfanget var relativt omfattande.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 11.09.2009 15:28

Oppklaringa av saka om dei falske breva som vart distribuert på Ål viser at omfanget var relativt omfattande.

Lensmann Pål Mikkelrud seier til RH at dei to som har tilstått å stå bak dei falske breva, hadde produsert 1400, men delte ut 1100 - resten vart kasta. Dei har ikkje noko motiv for det dei har gjort og det står ingen organisasjon bak dei, seier Mikkelrud. Det heile er gjort utan å tenke over konsekvensane av det som er utført, og saka blir no sendt over til politiadvokat for vidare arbeid i forhold til eventuell straff. UDI har som kjent anmeldt forholdet, og strafferamma for dokumentfalsk er relativt høg.

Dei to som har tilstått forholdet, er ikkje noko tidlegare bekjentskap av politiet.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS