Gol skule veit mest!

Gol skule sto for ei sterk opphenting då dei tysdag kveld vann over Nes skole i Kven veit mest finalen!
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 15.06.2005 08:24

Vinnarlaget: Frå v: Sigbjørn Eide, Silje Tollefsen, Tom Andre Malum, reserve Eirik Akersveen Lied
Gol skule sto for ei sterk opphenting då dei tysdag kveld vann over Nes skole i Kven veit mest finalen!

Eit 50 tals publikum frå både Nes og Gol følgde den direktesendte finalen frå Gol kommunehus. Nes skole starta med å få eit 5 poengs forsprang til Gol då dei i motsetning til golingslaget kunne namnet på kvar einaste ordførar i Hallingdal! Forspranget klarde Nes å halde på ei stund, men så tok Gol til å eta opp forspranget litt etter litt, og etterkvart som 2. del av finalen skrei fram, tok Gol leiinga smått og senn og drog i land sigeren med 5 poengs forskjell.
Det var gledesscener a la EM i fotball då det vart klart at laget frå Gol skule hadde vunne finalen. Det er fyrste gongen Gol skule har eit lag i finalen, og dei markerte det sterkt ved å vinne det heile. NEs har vunne finalen 3 gonger tidlegare.  Begge laga vart honorert med 4000 kr frå Hol sparebank, som gjennom 15 år har vore sponsor for denne populære programposten.

Finalen går i reprise onsdag kl. 0903 og 1503








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS