Lokal:
Brukte 5 månadar på å finne ut at han var innhabil.
Eit par unge bønder i Hol syns saksbehandlinga i Hol kommune er svært kritikkverdig.....
Paret, der den eine er tilsett ved same kontoret som saksbehandlaren men er ute i permisjon, har søkt om etablererstipend gjennom Innovasjon Norge. Dette skjedde 8. januar i 09 og den 9. juni finn saksbehandlaren ut at han er inhabil i saka og ber Ål behandla saka. Han har tidlegare i følge skrivet frå bøndene, ikkje gitt uttrykk for at han var inhabil i saka sjøl om søkjaren tidlegare arbeidde ved same kontoret, men at årsaken til lang behandlingstid er stort arbeidspress. Den lange tida har ført til at søkjarane ikkje etter 5 månadar har fått avklara korvidt IN vil støtte prosjektet deira, og dei skriv i brevet til avdelingsleiaren at dei vonar at andre søkjarar ikkje blir utsett for same saksbehandlinga av Hol kommune.
|