Norges beste servicetorg?

\"Jeg har aldri sett maken til resultat\" va representanten for Waldenstrøm rådgivning då presenterte resultata frå serviceanalysen i Hallingdalskommunane.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 29.05.2009 19:14

\"Jeg har aldri sett maken til resultat\" sa representanten for Waldenstrøm rådgivning då presenterte resultata frå serviceanalysen i Hallingdalskommunane.

Alle servicetorga er med i undersøkinga og 339 personar innanbygds og utanbygds som har vore brukarar av servicekontora er spurt i undersøkinga, og i følge konsulenten så er resultata dei beste ho nokon gong har sett. ALle kontora har topp score på så å seia alt som er målt. Her er målt kundeservice, kundetilfredsheit, tenesteytingar, kompetansen til medarbeidarane og teknologien.

Serleg på området kundeservice er det toppscore hjå alle kommunane, og det er også grunn til å merke seg at brukarane også er svært nøgde med bakapparatet - det vil si dei ulike etatane.

Meir om dette i fredagsmagasinet,.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS