Utbygging av Sundretunet utsett.

SNTR i Ål vil vite meir før dei seier ja til vidare utbygging av Sundretunet.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 25.03.2009 11:18

SNTR i Ål vil vite meir før dei seier ja til vidare utbygging av Sundretunet.

Det er sikten inn mot Ål sentrum som opptek politikarane - dei er ikkje trygge på at den vil bli slik dei ser for seg at den bør vera, så dei vil ha betre dokumentasjon før dei tek stilling til høgdene på dei foreslåtte bygningane.  Det er også utfordringar med vareleveringar over eigendomen til Statoil Ål som utvalet vil ha avklar før dei går vidare med saka.
Høgre ville ha saka behandla med synfaring, men fekk berre si eiga røyst for det.

Slik vart vedtaket::

Sektorutvalet for teknisk, næring og ressurs (STNR) vedtek å leggje ut Reguleringsplan for

Sundretunet – del av Ål sentrum – planid. 2008010 ut til offentleg ettersyn i medhald av planog

bygningsloven § 27-1, nr 2 med desse endringane i føresegna:

a. Pkt 3.5, nest siste avsnitt: ta inn tekst som er utheva: Det skal vere publikumsretta

funksjonar på gatenivå i nye bygningar ut mot Sundrejordet,

aust for Gangforbindelse G2

b. Føresetnad om at Helsetunvegen forbi heile området skal ha fartsgrense 30 km/t.

Dette medfører endringar i siktliner i kryss Helsetunvegen – V1.

c. Byggjeline langs Sundrejordet skal følgje dagens byggjekropp pga sikttilhøva.

d. Nytt føresegn under pkt 3.5, under avsnitt om høgder. Nye bygg skal ikkje stenge

for sikta mellom riksveg 7/Hallingdalselva og sentrum/kulturhuset.

e. Nytt byggjeareal sør for gangforbindelse G1 skal være til turistføremål.

Høyringsfristen vert sett til 6 veker.

mot parkeringsplassog på gatenivå mot parkeringsplass i nedre plan.

Handsaming:

Brev frå Asplan Viak as på vegne av utbyggar Etterlid datert 23.3.09 og brev frå Statoil datert

32.3.09 vart delt ut før handsaming av saka tok til.

Følgjande framlegg frå John Storhaug (V) vart vedteke med 6 mot 1 røyst (H):

STNR utsett handsaming av saka til det føreligg betre dokumentasjon/synleggjering av høgder

på bygg, siktliner osb. Utbyggjar vert beden om å avklare løysing for varelevering. STNR

ynskjer synfaring.

- - - -

Mindretalet på 1 (H) røysta for følgjande framlegg frå Knut Haug (H):

Saka vert handsama i dag med synfaring.

 

Saksnr. 10/09

REGULERINGSPLAN FOR SUNDRETUNET -DEL AV ÅL SENTRUM, PLANID.

2008010

Rådmannen si innstilling








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS