Samarbeid om Myhrengata.?

Etter at politikarane i SNTR tysdag fekk orientering om resultata av den store spørreundersøkinga om bruken av Myhrengata vil dei no invitere til samarbeid.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 24.02.2009 13:12

Etter at politikarane i SNTR tysdag fekk orientering om resultata av den store spørreundersøkinga om bruken av Myhrengata vil dei no invitere til samarbeid.

Mange brukarar har hatt store forventingar til Myhrengata viser undersøkinga, men svært mange av dei spurte konkluderer med at det er så langt ikkje vorte det dei forventa. Ikkje minst dei unge er skuffa.  Dei litt eldre er svært nøgde med at det er bilfritt og vil at det skal vera slik i framtida.
Blant politikarane i utvalet var konklusjonen at det ikkje fungerer som tenkt pr no, men at dei skal foreta ei større vurdering av det  heile etter at sesongen 2009 er over.  Det var semje om at det til sommaren skal strammast inn i forhold til dei som ikkje respekterer skiltinga i området.  Det vart frå einskilde også framheva at det er eit dilemma at dei som skulle få meir handel på grunn av gågata ikkje får det,. snarare tvert i mot. Aktivitetar og meir tilrettelegging vart etterlyst, det meinte blant anna Knut Haug måtte vera forretningsfolkets ansvar, kommunen hadde langt ned meir enn nok pengar i dette.
Konklusjonen vart at det no blir eit møte der handelsstand og Ål utvikling blir orientert om undersøkinga og så blir det lufta forslaget om ei samarbeidsgruppe med politikarar og næringsdrivande om kva som skal skje vidare med problemstillingane som undersøkinga avslørte.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS