DNT og FRIFO meir positiv til fellesfinansiering.
Både DNT og FRIFO viser no full forståing for arbeidet med å få til finansiering av fellestiltak innan reiselivet etter at dei fyrste mistydingane no ser ut til å vera oppklart.
Ei arbeidsgruppe der blant anna Ivar Reinton og Asle Slettemoen er med, har hatt møter med FRIFO og DNT og gått gjennom problematikken i full breidde, og begge dei to viktige friluftsorganisasjoane viste stor forståing for problematikken og vil vera med å arbeide vidare for å få til ei forsøksordning med dette her i Norge. Det ligg også føre planer om ein større konferanse omkring heile problemkomplekset til hausten, truleg på Geilo:
Arbeidsgruppa har henta inn loven for slik finansiering som er brukt i Sveits og fått oversett den til norsk for å få tilgang til den juridiske plattformen for å få til ei forsøksordning med det som i Sveits blir kalla kurtakst.
Gruppa har blant anna som mål å kunne få etablert ei slik forsøksordning i 5 motiverte kommunar i Fjell - Noreg over 2 år med oppstart i 2006 om mogleg.
Miljøvernminister Hareide har i desse dagar fått oversendt ein god del bakgrunnstoff omkring problemstillinga frå arbeidsgruppa.