SSB sin prognose: 20035 hallingar pr 1.1.09

SSB har no slept ut sine berekningar over kor mange folk det kjem til å bu i dei ulike kommunane her i landet ved inngangen til nytt år og aldri har folketiilveksten i Norge vore større.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 12.12.2008 21:32

SSB har no slept ut sine berekningar over kor mange folk det kjem til å bu i dei ulike kommunane her i landet ved inngangen til nytt år og aldri har folketiilveksten i Norge vore større.

For Hallingdal sin del meiner SSB at det vil bli auke i alle kommunane med unntak av Ål, som har ein berekna attendegang på 11 personar i løpet av 2008. Gol og Flå er vekstkommunane, Flå vil auke med 41 personar og Gol med 61 personar. HEmsedal aukar med 12 og Hol med berre 2.

Berekna folkemengde i den einskilde kommune blir då slik:

FLÅ: 1015
NES: 3465
GOL: 4500
HEMSEDAL: 1980
ÅL: 4675
HOL: 4440

Kjelde: www.ssb.no

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS