VIl ha felles praksis av eigendomsskatt i Hallingdal.

Formannskapets fleirtal i Gol får for å få greidd ut ein modell for innføring av eigendomsskatt for heile kommunen og vil at skattepraksisen i dalen blir så lik som råd.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 27.10.2008 16:12

Formannskapets fleirtal i Gol får for å få greidd ut ein modell for innføring av eigendomsskatt for heile kommunen og vil at skattepraksisen i dalen blir så lik som råd.

I formannskapet røysta representanten for Høgre og Frp mot ei utgreiing om innføring av eigendomsskatt i Gol.

Her er vedtaket:

Kåre Olav Solhjell (KrF) foreslo:

Formannskapet ber administrasjonen utarbeide forslag om innførnig av eigedomsskatt for heile Gol. Forslaget bør bygge på følgjande føresetnader:

1.                  Fritak for bustader yngre enn 20 år blir oppheva. Dette punktet kan vurderast innført frå og med 2009.

2.                  Botnfrådrag og skattetakst skal ved innføring av nyordninga vere den same som i eksisterande ordning.

3.                  Det skal leggast fram ei vurdering av kostnader og administrative ressursar som trengst for å gjennomføre nyordninga.

4.                  I grunngivinga for nyordninga bør det leggast vekt på at alle som oppheld seg i Gol har same rett til kommunale tenester, både fastbuande og feriegjester.

5.                  Det bør takast eit initiativ overfor andre kommunar i Hallingdal for å få så einsarta skattepraksis som råd.

 

Jan Nordahl (FRP) foreslo at utviding av eigedomsskatt ikkje skal utgreiast vidare.

 

Ved votering vart framlegget frå Solhjell vedteke med 5 mot 2 røyster  -  for framlegget frå Nordahl (Nordahl og Narum).

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS