Hallingtapas og Hallingvin.

Fredag vart boka om Hallingtapas lansert og den bør bli ein sikker vinnar i kampen om plassen under juletreet i år.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 26.09.2008 20:40

Eldrgim Springgard, Embrik Luksengard og Terje Simonsen.
Fredag vart boka om Hallingtapas lansert og den bør bli ein sikker vinnar i kampen om plassen under juletreet i år.

Boka har vorte ei praktbok på alle måtar og viser at tradisjonsmat frå Hallingdal elegant kan tilpassar moderne smakar og trendar. Fotograf Marius Rua fekk med denne boka sitt gjennombrot som matfotograf.  Oppskriftene er mange, men om du ikkje bruker dei, så er boka i seg sjøl ein inspirasjon til å prøve seg på eigne oppskrifter.

Samtidig med lansering av boka vart det også lansert 2 vinar, ein Kvit halling og ein Raud halling, som begge er tilpassa smaken av dei ulike tradisjonsprodukta frå Hallingdal - ein prøvesmak viste fort at her er kvalitet.  Den er i sal på 2 pol, Gol og Geilo frå 1.11.
På Gladmatfestivalen laurdag vil du kunne kjøpe boka og smaka vinen -








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS