Kritikk mot ordførar Brekko frå Høgre.

Det vart eit tildels skarpt ordskifte mellom ordførar Brekko og Høgres Aud Ingunn Narum under formannskapsmøtet denne veka.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 13.05.2005 22:09

Det vart eit tildels skarpt ordskifte mellom ordførar Brekko og Høgres Aud Ingunn Narum under formannskapsmøtet denne veka.

Ut frå referatet som er gitt av møtet går det fram av Aud Ingunn Narum er misnøgd med ordføraren si handtering av saka om Golsfjellet. Ho hevda at ordføraren burde ha imøtekoma Golsfjellet sine ønsker om møter for lenge sidan då det var gitt uttrykk for at dei ville ha slike møter alt i haust. Ordføraren hadde på møta ikkje sett det nødvendig å ha med dei politiske utvalsleiarane, noko Narum meinte han klart burde ha hatt så lenge det var ønskje om det frå utbyggarane på Golsfjellet.
Narum etterlyste også betre informasjon frå ordføraren når det galdt aktuelle utbyggings - og næringgsaker i Gol sentrum og hevda at aktørar blir behandla ulikt av ordføraren når dei vender seg til kommunen. Ordførar Brekko avviste alle invendingane om mangelfull informasjon og ville ikkje ta innover seg kritikken så lenge den ikkje var presis på innhald og sak. Men han uttrykte ønskje om å følgje opp problemstillinga - seinare.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS