Verdas tøffaste bil?

For dei som er interesserte i å verkeleg få sjå ein av dei bilane som kjempar om å vera verdas tøffaste bil, er Dr Holms hotell staden fredag ettermiddag og laurdag morgon.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 13.05.2005 15:37

For dei som er interesserte i å verkeleg få sjå ein av dei bilane som kjempar om å vera verdas tøffaste bil, er Dr Holms hotell staden fredag ettermiddag og laurdag morgon.

Dr. Holms hotell er stoppestad for om lag 8 bilar av merket Hummer - ein bil som opprinneleg er laga for det amerikanske forsvaret, men som også er å få i sivil utgaver. Det er ein bil som nesten kan klatre opp loddrette veggar, den tek seg fram i det mest ulendte terreng og har finesser som ingen andre bilar har.
Leiar i Hummerklubben, Odd Hen Rolfsen, seier til RH at dei skal vera på Dr Holms som ein mellomstasjon på veg  til nordisk Hummer Champion trial konkurranse som foregår i sandtaket på Øvre Gjerstad 16. mai. Her blir det heftige tevlingar i trial med Hummer samt mykje anna program for motorentusiastar. Og vil du sjå og ta på ein eller fleire vaskekte Hummerbilar,så er du hjarteleg velkommen til Dr. Holms fredag kveld eller laurdag før 0900.

Alt om Hummer finn du her:  http://www.h1.no/

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS