Destinasjon Geilo og Hol kommune inngår partnerskap.

Prinsippet om ei partnerskapsavtale mellom Destinasjon Geilo og Hol kommune vart vedteke av Hol kommunestyre torsdag og det skal visstnok vera den fyrste av sitt slag her i landet.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 30.05.2008 21:51

Prinsippet om ei partnerskapsavtale mellom Destinasjon Geilo og Hol kommune vart vedteke av Hol kommunestyre torsdag og det skal visstnok vera den fyrste av sitt slag her i landet.

Kva avtalen kjem til å innehalde, vil koma fram då saka kjem attende til kommunestyret i samband med budsjettbehandlinga til hausten. No skal det med utgangspunkt i dei mange visjonane som prosjektgruppa har utarbeidd, utarbeidast konkret partnerskapsavtale som så kjem attende til kommunestyret. Det er understreka at Hol kommune ikkje skal vera nokon mjølkekyr for Destinasjon Geilo, skal noko konkret gjerast, skal begge partar yte.  Det er tanken at denne avtalen skal kunne brukast også ved inngåing av andre liknande avtaler med andre aktørar innan næringslivet eller frivillige organisasjonar i Hol kommune.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS