Historisk lag.

Tysdag kveld gjekk den siste kvartfinalen i Kven veit mest på lufta og vinnaren vart historisk..
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 22.04.2008 22:18

Tysdag kveld gjekk den siste kvartfinalen i Kven veit mest på lufta og vinnaren vart historisk..

Hovet skole sitt lag er for fyrste gong i Kven veit mest si 20 årige historie i semifinalen etter at dei slo Holet skole i ein kvartfinale som inneheldt all den spenningen ein kvartfinale skal innehalde.

Hovet starta med å ta full pott mens Holet fekk berre eit poeng på fyrste spørsmålet, og Hovet heldt ei lita leiing store delar av tevlinga, men Holet skole var oppe på uavgjort fleire gonger og også i leiinga. Dei kunne vunne med full pott på siste spørsmål, men der bomma både Hovet og Holet totalt og dermed gjekk sigeren til Hovet med 3 poeng føre Holet skole.

Semifinalane går 13. og 27. mai og deltakande lag er Hovet, Nedre Ål med 2 lag og Nes.
(Semfinaleoppsettet er lagt ut her: Kven veit mest? )


Det historiske laget frå Hovet skole; Silje Bjørnstad Martinsen, Anna Drønen Kaupang, Halvard Grøgard og Anders Hognerud.


Holet skole: Sindre Fjordheim, Lene Artmann, Åse Margrethe Kleven og Frank Haugen

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS