Nes i semifinalen.

Kvartfinalekampen i Kven veit mest tysdag kveld hadde tre aktørar - Herad -Nes og Flå, og Nes viste seg som den skarpaste.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 09.04.2008 15:52

Sigrid Lien Sagabråten, Wanja Bakken Andersen og Olav Tvedt klare for semifinalen
Kvartfinalekampen i Kven veit mest tysdag kveld hadde tre aktørar - Herad -Nes og Flå, og Nes viste seg som den skarpaste.

Grunnen til at det denne gongen var tre lag med i kvartfinalen var at det i innleiande runde hadde vorte uavgjort mellom to lag og dermed gjekk begge vidare til kvarten.  Tevlinga, som gjekk direkte frå Gol kommunehus, var svært jamn i fyrste halvdelen då det ved halvgått tevling skilde 4 poeng mellom dei tre laga.  Etter pausa viste Nes seg svært kunnskapsrike og sanka poeng på dei fleste spørsmåla mens dei to andre laga fekk nokre nullar for mykje.  Nes sikra sigeren med 41 poeng mens FLå vart nr 2 med 33 og Herad fekk 31.

Herad sitt lag: Sara Brøto, Morten Monland Olavsbråten og Gaute Hagen Hallingstad.

 

FLå: Eirik Schwenke, Agnes Ellingsberg Seterstøen og Joachin Fosse Martinsen








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS