Tiltakslyst i Hol.

Formannskapet skal måndag fordele midlar frå tiltaksfondet til tiltakslystne folk i Hol kommune og her er det mange prosjekt på gang.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 06.05.2005 17:59

Kulturlandskapsrydding kan bli ei framtidig næring. Foto: B.A.Wick
Formannskapet skal måndag fordele midlar frå tiltaksfondet til tiltakslystne folk i Hol kommune og her er det mange prosjekt på gang.

Asdis Gudmundsdottir og Siri Gaustad vil etablere eige fysikalsk institutt i Megabygget på Geilo og blir tilrådd å få goddt 61 000 kr i kommunalt tilskott til det.
Frydenlund snekkeri vil etablere eit elektronisk og manuelt bibliotek med teikningar og programmeringsgrunnlag for å styrke konkurranseevna og sikre framtidig drift. Det blir tilrådd å gi inntil 48 000 kr i tilskott til dette. 

Annette Stefansson og Janne N Nørstebø vil etablere ein trendy kaffebar/cafe i stilfull design og hyggelege omgjevnadar på Geilo og blir tilrådd å få 40 000 kommunale tiltakskroner til oppstarten.
Thomas Øyo vil utvide veterinærkontoret sitt til å vera meir ope og må også investere i meir utstyr for å bli faglege oppdatert. Han driv klinikk for smådyr, hest og produksjonsdyr og kan få godt 21 000 kr til etableringa.
Kjell Arvid Grevsgard må slutte hjå Jernbaneverket og vil skapa si eiga bedrift som skal drive med rydding av linjer og kulturlandskap. Det blir tilrådd å gi han 50 000 kr i starttilskott.
I Dagali vil dei gjerne etablere og drifte eigen informasjon gjennom Dagali turistinformasjon BA. Dei har også utarbeidd eigen Dagaliguide og nettportal, og rådmannen rår til å gi prosjektet godt 67 000 kr.
Einaste avslagstilrådinga er til Rune Furuseth som har kjøpt opp Geilo trykk og reklame.  Slike oppkjøp er det ikkje rom for å støtte gjennom tiltaksfondet skriv rådmannen.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS