Hallingdal treng helsearbeidarar.

6 helsefagarbeidarar besøker i desse dagar ungdomsskolane og andre læreplassar for å rekruttere ungdom til helsefagarbeidarar.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 28.01.2008 16:26

6 helsefagarbeidarar besøker i desse dagar ungdomsskolane og andre læreplassar for å rekruttere ungdom til helsefagarbeidarar.

Måndag besøkte dei ungdomsskolen på Gol og presentere yrket for svært lydhøre elevar. Dei fekk tyldig og oppdatert informasjon om alle dei ulike områda ein med helsefagutdanning kan arbeide innanfor.  Det trengs 10 000 nye helsearbeidar på landsbasis dei komande åra, og i Hallingdal er det pr i dag minst 25 ledige stillingar.  Målet er at alle som skal søke seg på vidaregåande frå hausten skal ha fått informasjon frå teamet, og erfaringane andre stader frå er at fleire har søkt til dette yrket etter å ha fått informasjonen.
Patruljene består at unge helsearbeidarar som er plukka ut fordi dei er dyktige yrkesutøvarar som er glad i jobben sin, dei er gode ambassadørar for arbeidsplassen sin og dei er under 32 år.

På Gol var det i den eine klassen RH overvar seansen i nokre som meldte frå at dette var noko for dei - så blir det spennande å sjå om det blir fleire søkjarar til helse og sosialfag og seinare helsefagarbeider på VG 2.

Meir i På heimveg tysdag og i Fredagsmagasinet.

 


Fra venstre: Anette Brenno Hemsedal, Trine Lise Nordstrand Gol, Birgitte Skare Ål, Wenche Syversen Nes og Kristin Øverli Flå.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS