Olav Thon overtek heile Bjørneparken - AS blir oppløyst.

Dei største aksjonærane i Bjørneparken AS er samde om at det er det beste for Bjørneparken og Flå at selskapet Bjørneparken as blir løyst opp slik Olav Thon ønskjer.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 04.12.2007 13:33

Dei største aksjonærane i Bjørneparken AS er samde om at det er det beste for Bjørneparken og Flå at selskapet Bjørneparken as blir løyst opp slik Olav Thon ønskjer.

Olav Thon vil ha Bjørneparken som ei stifting som i motsetning til eit as ikkje opnar for å ta utbytte av selskapet, men alt overskott blir verande i stiftinga.  Thon er i dag nest største aksjeeigar i BJørneparken as mens FLå kommune er den største.  Etter det ordførar Tor Egil Buøen seier til RH så er det klart at så så seia alle aksjonærane vil gå med på å løyse opp selskapet og i staden la det bli ei stifting.  Thon har tilbygg noverande aksjeeigarar å få dobbelt så god friordning som no - 2 gratisbillettar til Bjørneparken livet ut. 
Flå kommunetyre skal ha saka til behandling den 13. desember og generalforsamlinga er den 18.desember.

Onsdag vil Thon få løyve til å setja i gang bygginga av det 1800 m2 store nybygget ved inngangen til parken og det skal etter planen vera klart til våren, og oppstart er venta like over nyttår.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS