Sando og Holet skoler klar for kvartfinale

Det vart ein knallstart på årets Kven veit mest sesong då Holet skole møtte Sando skole.
Kultur
Rita Stavn
Publisert : 31.10.2007 16:34

Det vart ein knallstart på årets Kven veit mest sesong då Holet skole møtte Sando skole.

Laga fotfølgde kvarandre tett heile vegen, det eine laget leidde med opptil eit par poeng annankvar gong og ved pause var det uavgjort.

Etter pausen vart det like tett heile vegen og det enda opp med at eit halvt poeng skilde laga når alt var over.                             

No viste det seg i ettertid at eit av svara frå Hol som vart underkjent, var delvis rett, så domaren og arrangørane ordna opp i det straks etter sending og erklærte dei to laga for like gode og dermed er dei begge klare for kvartfinale utpå vinteren....


Sando: Joakim Tormodsgard Solbakken, Samila Hajric, Ingri Sørbøen og Frida Østgård.


Holet: Frank Haugen, Lene Artmann, Åse Margrethe Kleven og Sindre Fjordheim.

Meir om tevlingane på: Kven veit mest










Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS