Semje om posisjonane på Gol.

Alle partia på Gol har onsdag kveld skrive under protokollen som fordeler dei politiske verva dei neste fire åra - overraskelsen er varaordføraren.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 19.09.2007 23:09

Alle partia på Gol har onsdag kveld skrive under protokollen som fordeler dei politiske verva dei neste fire åra - overraskelsen er varaordføraren.

Olaug Grønset Granli blir den nye ordføraren i Gol og med seg som varaordførar får ho Kåre Olav Solhjell frå Krf. Ellers så får kvart parti 1 rep i formannskapet som blir valt etter avtaleval. Personkabalen her er ikkje heilt klar, men det tyder på at Aud Ingunn Narum kjem frå Høgre, Dag Wollebekk frå SV, Halvor Lilleslett frå V og Tore Dag Skjerdal frå Sp, Frp Jan Nordal.

Leiar i UNN blir Steinar Medhus, Mona Norhaug Faleide blir leiar i UKL Frp får 2 representantar i UNN, Sp får 2 i UKL. Det blir oppretta ei leiarforum med ordførar, leiar i UNN, leiar i UKL og rådmann. Leiar i kontrollutvalet blir frå Venstre.

Venstre skal i følge protokollen fremje sin ordførarkandidat i det konstituerande møtet. Det var Høgre som la fram skissa som alle samla seg om.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS