Kjøper "Indrefileten" i Gol og vil flytte Byggmakker.

Birger Rustberggard har foreteke eit større arealoppkjøp i Gol sentrum og planlegg å flytte Byggmakker dit -problemet er at området i dag er regulert til offentleg formål....
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 17.08.2007 19:01

Birger Rustberggard har foreteke eit større arealoppkjøp i Gol sentrum og planlegg å flytte Byggmakker dit -problemet er at området i dag er regulert til offentleg formål....

Birger Rustberggard seier til RH at området han har kjøpt er eigendomen Håhaug ( ikkje med husværet som i dag står der) og eigendomen til Reidar Viko. Deler av dette området vart for om lag halvanna år sidan kjøpt opp av andre forretningsfolk på Gol, men no vil Rustberggard forsøke å få det omregulert slik at Byggmakker kan flytte hit då det etter hans meining ikkje er mogleg å ekspandere der dei er i dag.

Kjøpet og planane vil sannsynlegvis også bli ein del av diskusjonen om tredje avkjøring til Gol, men Rustberggard understrekar at dei vil klare seg godt utan den også.

Dei  ulike politiske partia og kommunens administrasjon er orientert om kjøpet og planane.

Ingervju med Rustberggard fredag kveld.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS